Bibliography
1998 Twin Fever
2001 Landlocked Happiness
2004 All there is
2006 My gentle self
2009 Literary Salon
2011 Adam Hiort's journey
2014, Seven days in August
2009 Literary Salon
|
||||
Brit Bildøen inviterer til litterær salong med ti forfattarar som betyr mykje for henne. Dei inviterte har fått tildelt kvar sin litterære dyd som tener som inngang til dei ulike forfattarskapane. Dydane spenner frå Overmot til Råskap, frå Distraksjon til Skamløyse.
Dette er eit feministisk bokløft der ho på skarpt og underhaldande vis gir ei innføring i originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre åra. I tillegg til å vere ein lesarguide med sterke anbefalingar, ønskjer Bildøen å skape ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen på litteraturfeltet. Bildøen meiner at den store framveksten av originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre år, ikkje blir spegla i litteraturdebattar, kanoniseringar og prisutdelingar. Gjestane i Bildøens litterære salong er Gertrude Stein, Mercé Rodoreda, Joan Lindsay, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Adrienne Rich, Amalie Skram, Carol Shields, Doris Lessing og Elfride Jelinek. |
![]() |
![]() |
![]() |